torsdag 19. januar 2012

Et øye rødt



Vil Halim tilpasse seg det svenske samfunnet?

Eg har valt spørsmålet: vil Halim bli meir tilpassa det svenske samfunnet? Eg har valt dette spørsmålet, fordi eg synes det er eit veldig viktig spørsmål. Eg har ikkje lest så mykje enda, men eg skjønner at han ikkje vil bli svensk. Dette gjer meg nysgjerrig.

Hittil i boka får eg vite hendingar som han skriv i sin eigne bok. Dette er ei bok han fikk frå Dalanda. Dalanda er ei gammal dame som veit alt om arabaranes historie. Ho seier at arabarar ikkje er som andre svartingar. Dei er meir siviliserte. Halim hjelper ofte til i farens butikk. Butikken har alt mogleg og verkar veldig rotete. På kveldane prøver han å skrive i boka si. Dette synes han er vanskeleg. På skulen delar han klassekameratane inn i forskjellige grupper. Det er «sossevennane», «frikergjengen» og «dansefolka».

Vil Halim tilpasse seg det svenske samfunnet? Dette er spørsmålet eg skal ta for meg i dette innlegget. Hittil i boka er Halim veldig stolt av sin kultur. Det verkar som han ikkje vil miste sin kultur. På skulen blir han fortalt at det er blitt innført ei intergreringsplan. Alle utlendingar skal bli forandra til svenskar. Dette gjer han irritert. Seinare på dagen fortel han Dalanda om det han hadde hørt. Ho blir også irritert. Dette er eit teikn på at han ikkje vil bli svensk. Eg føler at han blir veldig påverka av Dalanda. Ho fortel mykje om kulturen hans. Dette gjer han stolt over å snakke arabisk. Det å vere arabisk verkar som det einaste som betyr mykje for han. Dette vil han ikkje miste. I samtalen snakkar dei om faren hans. Dalanda meiner at faren er intellektuell. Han er ein person som skiftar miljø og tilpassar seg det nye miljøet. På den måten ho seiar det, trur Halim at faren gjer noko dårleg. For å leggje ekstra vekt på kva faren har gjort feil, samanliknar ho faren med ein kamel.  Ho meinte at ingen av dei kunne lage ein revolusjon.

Eg føler at Halim ikkje kjem til å bli særlig tilpassa det svenske samfunnet. Dalanda påverkar han veldig mykje. Viss Dalanda ikkje hadde vore saman med Halim hadde det vore annleis. Då hadde han følgt farens veg.

3 kommentarer:

  1. Du skriver veldig bra om boka. Men det er nokon grammatiske feil som «mulig», men det blir skrive mogleg. Og «legge» blir skrive som leggje.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Ein veldig godt strukturert og oversiktleg blogg! Du skriv om eit relevant og interessant tema. Kan hende burde spørsmålet ditt vere: "Vil Halim tilpasse seg det svenske samfunnet" (i staden for "bli tilpassa". Bruker du passivforma så høyrest det ut som om det er noko som ikkje Halim sjølv kan rå over)Sjekk nynorsken din på nytt, t.d verbet "fortelje". Lykke til!

    SvarSlett